← Villroser

Tekster og instrumentering

  • Magne Skjævesland: Vokal, akustisk gitar
  • Geir Sundstøl: National gitar, banjo, marxophone, optigan, saxonette, munnspill. elektrisk gitar, pedalsteel
  • Erland Dahlen: trommer, perkusjon, logdrums, blossombells, sag
  • Bjørn Holm: kontrabass, koring

01 / 10

Stolpen

Det var så underleg tomt på stasjonen, det er stunder då London søv. Eg stødde meg trøtt mot ein stolpe, og lydde med øyret mot. Det er sant du er hjartans lengsel, visdom fyller barmen din. Du såg born som græt og smilte, farsaugo byrge av kjærleik. Eg er sterk, eg er sterk, kven kan bære slike bogar, eg er sterk, eg er sterk, årevis med strake kne. Du hørde alt som ikkje vart sagt, når unge kysste einannan. Du kjende gamle folk stødd imot deg, klamrande fast med kvite knokar. Men då eg lutte mi panne mot stolpen, slo berre min eigen puls. Stolpen løfta sine bogar, støypt i stum betong.
← Tilbake til album