← Olav den Heilage

Tekster og instrumentering

  • Magne Skjævesland: Vokal, Akustisk gitar
  • Geir Sundstøl: Gitar, Mandolin, Marxophone, Guitar-o-phone, Banjo
  • Erland Dahlen: Trommer, Perkusjon, Sag
  • David Wallumrød: Wurlitzer el-piano, Minimoog, Orgel
  • Mathias Eick: Trompet

01 / 10

Djerv i kampen

Som ung vende du havhesten din mot Danmark. Nyttig vart ferda nordifrå, og no, no er du mektig. Mektig av slik ei vågeleg hærferd, konge, konge. Djerv i kampen var du, kraftig dåd er ditt virke. Med blenkjande årer rodde du skip til Austersaltet. Landet ditt du verga med høge skjold på skipa. Du nytta segel når vinden venleg kruste havet, konge, konge. Djerv i kampen var du, kraftig dåd er ditt virke. Brårodde årer fekk slite bølgja under di skute. Folk vart skremde og fælne overalt der du for fram. Steik fekk ramnen etter at du rydda nes i Svitjod, konge, konge. Djerv i kampen var du, kraftig dåd er ditt virke.
← Tilbake til album